FINE ORD

Kva er dine favorittord?


Kva er dine favorittord?




Gratulerer med dagen! Håper alle har hatt ei fin feiring av nasjonaldagen!

Sjokoladefondant er den beste desserten eg kan få, men eg har aldri laga det sjølv. På torsdag gjorde eg noko med det, og det var SÅ enkelt. Ein treng kun fem ingrediensar - 100 gram mørk sjokolade, 100 gram smør, 4 egg, 1 dl sukker og 1 dl kveitemjøl. Medan eg smelta smøret og sjokoladen vispa eg saman egg og sukker, og blanda dette med kvarandre. Hadde til slutt kveitemjølet oppi og rørte godt til ei fin deig. Fordelte deiga i ildfaste former og steikte dei i 10 minutt ved 220 grader. Det er viktig at dei ikkje står lenger enn dei skal inne i omnen, då dei skal vere flytande inn i. Server med det du synest er godt! Eg hadde vaniljeis og friske bær til. Nydeleg, nydeleg, nydeleg!

I tillegg baka eg gulrotmuffins, noko eg har gjort ein god del gongar før. Det er kjempeenkelt og ikkje minst kjempegodt! Eg brukte oppskrifta "Gulrotmuffins à la R.O.O.M" frå detsoteliv.no.

Kva er din favorittdessert?


Gratulerer med dagen til verdas finaste mamma!

Det starta med kyssesjuka og fortsette med ein rekke andre infeksjonar. Blei kvitt dei og trudde eg var frisk. Eg starta derfor å jobbe igjen som normalt. Det var deilig. Eg var sosial og gjorde det bra på skulen. Heilt til eg ikkje klarte meir. Eg klarte plutseleg ikkje noko av det ein skal kunne forvente av ein attenåring. Og likevel viste alle prøver at eg var heilt frisk. Derfor starta eg å presse meg meir. Tenkte at eg berre var litt lat. Men det gjekk ikkje. Det var noko som ikkje var slik det skulle, og vegen mot å finne ei diagnose starta. Etter enda fleire prøver fekk eg eit svar. Eg var sjuk. Ikkje lat. Eg fekk ei diagnose som sa at eg var utmatta. Sliten. Det var ein lettelse. Ikkje fordi eg var sjuk, men fordi eg visste kva det var for noko. Eg kunne ha eit svar når nokon spurde.

I starten var det vanskeleg å forhalde seg til andre menneske. Eg likte ikkje å måtte forklare meg og alltid ha ei unnskyldning for å ikkje kunne gjere noko. Derfor blei det naturleg å halde meg for meg sjølv. Det sosiale vart avgrensa til familie og kjærast, og eg mista etter kvart kontakta med folk. Delvis frivillig. Delvis ufrivillig. Eg ville eigentleg ikkje stenge meg inne. Men det var det som vart det lettaste. Eg orka ikkje noko anna. Og det var med på at sjukdommen smitta over på det psykiske. Eg grein stort sett heile tida. I tillegg hadde eg eit temperament eg aldri har sett makan til. Korleis skulle andre kjenne meg igjen, når eg ikkje gjorde det sjølv ein gong?

Korleis dagen blir har ofte noko med innstillinga ein har å gjere. Så sjølv om eg var stuptrøtt då eg stod opp i går, sa eg til meg sjølv at dette, dette skulle bli ein bra dag! Men det vart det ikkje. Eg var heilt vanvittig trøtt gjennom heile dagen og ingenting var kjekt. Ingenting. Skuledagen var laaaaaaang og kjedelig og eg heldt på å sovne fleire gongar. Og då eg kom heim gjorde eg det. Sovna. Elles skreiv eg ei handleliste og såg litt TV. Og det var det. Så derfor tenkte eg at eg ikkje skulle tenke slik i dag. Eg skulle ikkje tenke at dagen i dag skulle bli ein skikkeleg bra dag. Men i dag vart det ein bra dag.



Eg er fortsatt heilt vanvittig trøtt. Konstant trøtt. Men i staden for å legge meg på sofaen etter skule og sove vekk heile dagen, gjekk eg ut. Ut i SOLA. Det er så fint vêr her i dag. Deilig. Eg gjekk ein lang tur (etter min kapasitet i alle fall) med sola i ansiktet og med bra musikk på øyrene. Eg snakka også med ein turist som ville sjå lundefuglane, så eg forklarte så godt eg kunne ut frå mine engelskkunnskapar kor han skulle gå. Håper berre han finn fram... No skal eg bake litt. Mamma har bursdag på laurdag, og sidan eg ikkje er heime då skal eg bake litt til henne i dag. Fin dag!

Favorittskoa mine framfor alle favorittsko er utan tvil den klassiske Converse. Dei er fine, gode og kjempepraktiske, då dei passar til stort sett alt! Sjølv har eg fire par som eg er veldig fornøgd med, sjølv om eg gjerne skulle ha sett at samlinga var litt større. Satsar på at den utvidar seg etter kvart.


Blå kjøpt i England - Vinraude er gåve frå London - Grå kjøpt på baresko.no - Brune kjøpt i Tyskland.
Dette paret er det siste medlemmet i samlinga, og eg elskar, elskar, elskar fargen! Fekk dei med mamma, pappa og veslesøstera mi då dei hadde vore i London. Veldig greit å kjøpe slike sko der, sidan dei kostar nesten halvparten av prisen i Norge. Har du mange par?

Sjølv om vi ikkje får ta over leilegheita vår før i november, tenker vi likevel mykje på korleis vi vil ha det. Det går i parkett, maling, tapet og forskjellige innredningar. Det er viktig at vi skal trivst med det. Ikkje berre med ein gong, men lenge. Og så skal det helst vere praktisk. Og koseleg.

På soverommet har vi lyst på ein vegg som skil seg ut. Anten med ein annan farge eller med ein tapet. Sjølv vil eg ha ein av desse tapetane frå PiP Studio (aller helst den blå) på ein av veggane og den lyse turkise fargen, som går igjen i tapeten, på dei andre. Eg ser for meg at det ville blitt delikat og fint. Desse to tapetane heiter PiP Early Bird Blue og PiP Early Bird White.

Tapetane frå PiP Studio er veldig populære, så sånn sett er det kanskje dumt av oss å skulle velge det. Sidan det er noko som alle andre har. Men på den andre sida er dei populære av ein grunn, og vi skal kunne velge det vi synest er fint. Ikkje ut frå kva alle andre meiner. Så det kan bli spennande og sjå korleis soverommet faktisk blir sjåande ut til slutt. Korleis er ditt draumesoverom?
